lørdag 8. april 2017

Jakob Sande: Frå Betlehem til Getsemane


Av Nils-Petter Enstad

Diktaren Jakob Sande vart berre så vidt 60 år, og i år er det 50 år sidan han gjekk bort. Han var fødd i Dale i Sunnfjord 1. desember 1906 og døydde i Oslo 16. mars 1967. Han let etter seg ei rik, lyrisk arv, mellom anna to av de vakraste tekstane i Norsk Salmebok: Ein om Betlehem og ein om Getsemane.


Far til Jakob Sande var klokkar og lærar i Dale, og Jakob vaks opp med dei bibelske forteljingane og omgrepa rundt seg. I skulestova hang det to kart: Eit av Noreg og eit av Jødeland på Jesu tid.
I biografien om Sande, som kom til 100-årsdagen i 2006, skriv Ove Eide at dette var ei tid då Gudvangen og Aurland var meir eksotiske namn for norske skuleborn enn Judea og Galilea, og dei var meir fortrulege med Genesaretsjøen enn med Mjøsa. «Slik var det nok òg for Sande,» legg han til.
Sande var stolt av å vere sunnfjording, jamvel om han budde i Oslo og Fredrikstad det meste av sitt vaksne liv. Her arbeidde han som lektor i gymnaset. Han treivst lite med det, og elevane treivst vel ikkje så godt med han, dei med.
I 1960 var Sande innstilt til Statens diktarløn. Han gledde seg over det, og såg for seg nokre år der han kunne vera diktar på heil tid. Det var difor eit stort vonbrot at han ikkje nådde opp. Det har vore spekulert i om dette var ein av grunnane til at han stagnerte som diktar.
Den siste samlinga hans, «Det kveldar på Kobbeskjer», fekk ei lunken mottaking hjå kritikarane då ho kom ut i 1961. Sande heldt fast ved dikt med rim og stram rytme, og det var ikkje det modernistane i 1960-åra ville ha. Fram til han døydde ga han difor berre ut samlingar av eldre ting: «Dikt i samling» kom i ny utgåve i 1965 og «Noveller i samling» i 1964.

Bibelske omgrep og barsk humor
Om ikkje Sande skreiv så mange dikt som var «reint religiøse», er det mange dikt der dei bibelske omgrepa ligg tett under overflata, og dei bibelske referansane står i kø.
Eit slikt dikt er «Legende» frå samlinga «Korn og klunger» (1950). Her er forteljinga om då Moses førde Israels folk tørrskodd over Raudehavet fortald med burlesk humor.
I debutsamlinga hadde han gjort noko av det same i diktet «Saltstytta». Her er det forteljinga om Lot og kona hans som vert attfortald. Legg ein dei to dikta ved sidan av kvarandre i dag, er det nok lett å sjå at humoren i Lot-diktet er av eit langt røffare slag enn i diktet om Raudehavet.
Som son av ein sunnfjording veit denne skrivaren av eigen røynsle at det bur mykje «barsk» humor i det sunnfjordske lynnet, ofte kombinert med eit djupt alvor.
I diktet «Den gløymde spedalske» frå samlinga «Villskog» (1936) går Sande inn i forteljinga frå Lukas-evangeliet om dei ti spedalske som vart friske då dei møtte Jesus. I denne flokken har Sande dikta inn ein spedalsk til, ein som ikkje var til stades då dei andre møtte Jesus frå Nasaret. Det er eit langt og dramatisk dikt, som kanskje kan lesast som eit rop frå ein som lengta etter å være med i flokken som hadde møtt Jesus, men ikkje var til stades då han kom?

Mangfaldig diktar
Jakob Sande var ein mangfaldig diktar. Han skreiv humoristiske dikt, han skreiv makabre dikt og han skreiv alvorlege dikt. Og han skreiv religiøse dikt – lat oss kalla dei «salmar».
Det mest kjende er «Det lyser i stille grender», som Sande skal ha skrive ein steikande varm sommardag i 1931. Det var joleheftet «Jol i Sunnfjord» som hadde tinga dette diktet, som frå Sande si side berre het «Jolekveld».
I denne tida vart også eit av dei andre, sterkaste religiøse dikta til Jakob Sande skrive. Det heiter «Salme», og fortel om Jesu kamp i Getsemane, då han stod for Pilatus og då han leid på Golgata.
Diktet «Salme» vart med i samlinga «Storm frå vest», som kom ut i 1931, medan «Jolekveld» ikkje kom med i nokon av det diktsamlingane Sande ga ut medan han levde. Men då Gyldendal i 1998 gav ut ei ny og komplett utgåve av «Dikt i samling», var også «Jolekveld» frå 1931 med. Då var den for lengst vorte «folke-eige», mellom anna gjennom Sissel Kyrkjebø sin LP med julesongar frå 1987.
I 1929, to år før desse tekstane vart skrivne, hadde Sande gjeve ut si første bok. Det var diktsamlinga «Svarte næter», som kom på Gyldendal. Boka fekk god omtale i pressa, med eit viktig unntak: I den kristne avisa «Dagen» vart mange av dikta kritiserte for det meldaren oppfatta som harselas med trua og det heilage. Sande tok seg svært nær av den kritikken, og den sterke salmeteksten i den neste boka kan kanskje lesast som eit svar på denne kritikken.
Lyrikaren Marie Takvam har skildra han slik: «Han laga 'styggeprat og bibelsitat' i ei sann blanding – og han fekk folk til å le».
Også i prosatekstane sine fann han ideer frå Bibelen – til dømes i den burleske novella «Samson og Dalila».

Berre til Getsemane?
Det har vore sagt at Jakob Sande sine religiøse dikt rekk frå jula og fram til langfredag, men dei når ikkje fram til påskemorgon.
Ei slik analyse kan ha mykje ved seg. Frimodet strakk kanskje ikkje heilt til når det vart spurd etter det personlege vitnemålet? Ikkje minst diktet om den gløymde spedalske kan tyde på det.
Ein lyt vedgå at ein finn mykje harselas med både prestar og andre «fromme» i dikta hans, men så smerteleg det kanskje er for nokre: Kritikk av kyrkje og prest er ikkje det same som harselas med trua eller det guddommelege.
I boka om Jakob Sande som Herbjørn Sørebø ga ut i 2000, samanliknar han Sande med Alf Prøysen, og skriv: «Alf Prøysen hadde gitaren, Jakob Sande lutten, og dei hadde det same sosiale synet. Song dei også i den same trua frå botnen av sjela si?»


Litteratur:

Eide, Ove: Jakob Sande. Liv og dikting (Oslo, 2006)
Sande, Jakob: Dikt i samling. Utvida utgåve (Oslo, 1998)
Sørebø, Herbjørn: Ein storm frå vest. Jakob Sande, veit eg (Oslo, 2000)

Tidelgare publisert i bladet «Stille stunder», april 2017

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar